|
Skrive av Ola A. Hegdal
måndag 22. desember 2008 03:15 |
 |
 |
 |
|
| Råskap for ungdomen |
| Ein av dei store løyndomane i forlagsbransjen er at ungdomsromanar berre unntaksvis er skrivne for ungdomar.
Eg hadde ikkje lese ungdomsromanar på mange år, ikkje etter at et gjekk
over frå Hardy- guttene til Maclean og Bagley ein gong tidleg på
åttitalet.
Det forandra seg i år. Då tok eg på meg å lese igjennom alle
ungdomsbøkene som har blitt gitt ut i 2008, for å reise rundt i landet
og halde foredrag om dei for bibliotekarar og ungdomsskolelærarar. |
|