|

No livnar det i lundar og så vidare. Men det var inga stor sæle å vakne sundag formiddag og oppdaga at klokka var ein time meir enn eg hadde kalkulert med.
For det fyrste gjekk eg glipp av gudstenesta, som naturlegvis er
obligatorisk for å få noko serleg utbyte av ein sundag. Fylgjeleg kom
kjensla av liksom å ha forlora heile dagen, kome på etterskot med mine
mange gjeremål. Sundag er rett nok kviledag, men den største kvila er
gjerne å få unnagjort eit eller anna arbeid som har lege på skuldrene
og tynga ein, så som denne teksten. Det kjennest som eg heilt har gått
tom for ting å skrive om. Før var det aldri nokon vanske, eg greidde
alltid å dikte opp eit eller anna snikksnakk som med varierande hell
kunne presenterast for allmugen. Men no ... Eg leitar og grev etter
orda, men hugsar knapt nok korleis språket verkar. Det er venteleg elda
som har teke meg òg, som så mange andre. Livet går ifrå meg, og no også
klokka, som framleis er ein time meir enn eg skulle ynskje ho hadde
vore. Den timen får eg aldri attende, anna kanskje ved det skiftet
attende til vintertid, viss eg veit å gjera nytte av det.
Nettopp dette med klokka har eg tenkt litt på i det siste. Hadde eg
evna å uttrykkje meg betre, skulle eg nesten skrive eit dikt. For det
er på ein måte klokker, tenkjer eg, eller urverk, i det aller meste.
Det er ein vakker tanke. Månen er ei klokke som går frå ingenting, via
halv til heil. Eit syklisk ur. Noko liknande kan seiast om lauvet, som
eg hugsar Lars Saabye Christensen har ein passasje om i ein av mine
personlege favorittbøker, Maskeblomstfamilien. Den gåtefulle
hovudpersonen sit bakarst i klasseromet og ser ut på byen ein
ettersumardag: “Den alléen skulle bli min klokke,” står det, “en jordet
klokke trukket på tvers gjennom byen, med fire tidspunkter: gul, sort,
hvit og grønn.” Sidan heiter det ofte, ut gjennom heile romanen:
“Klokken var kvart over gul.” Eller til dømes: “Klokken var ti på halv
sort.” Ein ny og eigentleg enklare måte å tenkje på. Ei anna klokke har
ein i snøen, sjølvsagt, og til dømes i elvar, som fløymer og fell med
mengda av regn og smeltevatn. Så er det reint lineære klokker, slike
det òg finst mange av, men som ikkje held fram på nytt når dei langt om
lenge har fullførd ein epoke. Huda di, til dømes, som går frå ung og
glatt til stendig eldre og seigare, med fleire og fleire furer. Ei
klokke i huda. Ein annan morosam forfattar, evigunge Tor Ulven, har
forresten òg ein variant: “På hodeputer, på / vaskeservanter ligger de,
/ løse hår. Det stilleste av alle / ur, håruret går.” Eit veldig fint
dikt, det der. Det er på eit vis skremmande, men burde like fullt kunne
hjelpe ein til å avreagere, om ein til dømes uroar seg for det
plutseleg omslaget til sumartid.
Lenger ut på dagen, i kveldinga, innsåg eg rett nok at vi trass alt får
noko godt attende for denne timen dei stel ifrå oss. Dagen blir
plutseleg lenger. Det vil seia, døgnet har framleis dei same tjuefire,
ganske hjelpelause timane, og i grunnen er det ein merkeleg idé, at vi
skal drive og regulere ein naturleg prosess på dette viset. Eg har
aldri skjøna det. Vi burde jo likevel stå fritt til å leggje oss og stå
opp nøyaktig når vi vil. Dagen har slett ikkje vorte ein time lenger,
det er berre vi som skapar den illusjonen ved å referere til vår eiga
oppfinning, uret. Det mekaniske uret, vel å merkje, det vi sjølve rår
over, og stiller aldeles som vi vil. Men så har vi altså likevel desse
mange og sers kompliserte kjenslene. Det kjennest som det plutseleg er
lysare. Det kjennest som det plutseleg er vår, nesten sumar. Eg var ute
no nettopp, og ikkje berre var det lyst, det hadde sanneleg vorte
varmare òg. Meinte eg å ane. Det var truleg berre tankespinn, men
likevel. Det gav meg noko å byrja med, og så fekk eg hug til å skrive
denne teksten. Rein magi.
 |