|
Skrive av Bente Kjos-Wenjum
fredag 15. august 2008 04:33 |
|
|
|
|
|
Lesing – det viktigaste grunnlaget for skrivekompetanse? |
| |
Spørsmålet vart reist på konferansen der lærarar og
skulefolk var samla for å høyra korleis ein kan utvikle lese- og
skrivekompetanse på ungdomssteget og på vidaregåande skule.
|
|
|

| Konferansen «Rom for lesing og skriving på nynorsk»
vart halden i Volda våren 2007. Professor Frøydis Hertzberg og
forfattarane Erna Osland, Maria Parr og Per Olav Kaldestad snakka om
kor bra det er å lese, om å vera med i forfattarklubben, om strenge
norsklærarar, fryktlaus fantasi og om god nynorsk litteratur.
|
- Lesing har avgjerande betyding for å bli ein god skrivar, sa
professor Frøydis Hertzberg, ei av dei fremste i landet innan
fagområdet lese- og skriveopplæring.
Du må lese
- Det er ikkje mogleg å lære
rettskriving berre gjennom reglar, seier ho. Grammatikken er komplisert
og det er mange unntak frå reglane.
– Du må sjå skrivemåten
og du må lese tekstar med avsnitt for å sjå korleis det skal gjerast.
Munnleg overlevering kan gje skrivelyst og skriveglede, men for å lære
eit korrekt språk må det lesing til. Teoretisk kunnskap og evne til å
skrive har ofte lite med kvarandre å gjere, sa Hertzberg og la til at
skriftspråk tileignar ein seg først og fremst via lesing.
Hertzberg viste til forsking innan området og nemnde mellom anna
Stephen Krashens berømte og omstridde hypotese om at skrivekompetanse berre
kan utviklast gjennom store mengder sjølvmotivert og lystbetont lesing.
Forsking i Norden viser at mykje fritidslesing slår positivt ut på
skriveprestasjonane, anten det gjeld bøker eller aviser.
Skriveklubb
Lystlesing bidreg til at du får eit
ynskje om å vere medlem i forfattarklubben sjølv. For lærarane vert det
viktig å motivere elevane til både å lese og skrive.
– Dersom
ungdommane skal få lyst til å verte medlem i skriveklubben må dei møte
engasjerte lærarar som opptrer som skrivande menneskje, sa Hertzberg.
Aller helst bør forfattarane inn i klasserommet slik at elevane får
møte ein person som brenn for litteratur og skrivekunst. Det er
innlysande: Du kan ikkje invitere nokon med i ein klubb der du ikkje
sjølv er medlem.
10. mai 2007 |
 |