|
Skrive av Toyni Tobekk
fredag 15. august 2008 04:20 |
|
|
|
|
|
Dei rette nøklane |
|
Mange vaksne lurar på kva for ein nøkkel ein må nytte for å få opna
porten inn til bokverda for så mange barn som muleg. Knut Nærum tok
utfordringa og hadde heilt konkrete forslag å kome med:
Nærum var oppteken av at ikkje lista for lesing skulle leggjast
skyhøgt, men at ein, heller enn å få gode lesarar, skulle vere meir
bevisst å få mange lesarar i klassen sin.
- Ha som målsetjing at
alle skal få utvikle seg, og spel på dei unge si naturlege begeistring
for ting dei opplever og erfarer, var mellom dei konkrete råda Nærum
gav.
Her er seks tips frå Knut Nærum til korleis ein kan auke leselysta hjå unge:
1. Dei nye norskbøkene til skulen er gode. Bruk dei godt.
2. Elevane skriv mykje kvar dag, til dømes i SMS og e-post. Dra nytte av det og bruk det.
3. Fleire forfattarbesøk i skulen.
4. Folk bør lese bøker på same måte som dei lyttar til musikk.
5. Forfattarar må få eksponere bøkene sine, ikkje det emnet dei skriv om.
6. Dropp analysen iblant.
Tekst: Toyni Tobekk
27. oktober 2006
|