Svingen har sjølv reist mykje rundt på forfattarbesøk på ulike
skular, og han la ikkje skjul på at det var ein del av forfattarlivet
han sette stor pris på.
- Mi oppfatning er likevel at barn ikkje
har noko spesielt forhold til kven det er som skriv bøkene dei les.
Forfattarbesøk på skulen får såleis ei langt høgare verdi for dei unge
viss skulen brukar litt tid på å førebu besøket.
Samstundes erkjente Svingen at ein forfattar kan vere god til å vere
forfattar, men kanskje ikkje like god til å snakke om boka si til barn.
– Eg trur det kan vere lurt å la andre, eldre elevar fortelje yngre
elevar om bøker dei har lest. Somme gonger kan ein og hyre inn ein
profesjonell forteljar som kan lese for dei.
Ungdom vil ikkje vere barn
Ein annan ting
Svingen var oppteken av, var korleis bøker er plasserte i biblioteket
og i butikken. – Å finne ei bok på gamle skulebibliotek kan somme
gonger opplevast som ei arkeologisk utgraving. Og å setje ungdomsbøker
saman med barnebøker er ikkje heldig.
Han synte til korleis
mange unge tykkjer det er lite spennande å lese ungdomsbøker, og at dei
helst berre ville lese bøker som ikkje var sette i nokon aldersbås. –
Det siste ein ungdom vil er dessutan å gå bort til barneavdelinga for å
finne seg ei bok, så det kan vere taktisk klokt å setje ungdomsbøkene
vekk frå barnebøkene.
Dropp analysen
Unge må få lese av rein
leseglede, meinte Svingen, og bruka følgjande oppdikta døme for å
illustrere korleis undervisninga kan ta drepen på lesegleda:
-
Tenk deg at eg sit heime og les ein god krim. Etter 45 minutt kjem
naboen min inn og byrjar å spørje meg ut om boka; korleis er plottet,
kven er hovudkarakterane, korleis er boka bygd opp osb. Eg svarar så
godt eg kan, men eg lengtar eigentleg mest etter å setje meg ned i
sofaen for å lese vidare. Når naboen har fått svara sine, går han, men
lovar å kome tilbake etter ytterlegare 45 minutt for å høyre kor langt
eg er komen og kva som har skjedd.
Moralen er: Dropp analysen innimellom og la dei unge få lese for å lese.
- Ikkje les denne!
Svingen oppmoda og dei vaksne
til å bruke barn si medfødde nysgjerrigheit for det ho er verd. - Gje
dei små smakebitar. Les byrjinga av ei bok og sei: Resten må du finne
sjølv.
For å ytterlegare pirre leselysta, synte Svingen litt
humoristisk til korleis ein kan ty til meir drastiske metodar: - Kva
med å gøyme ein kasse bøker under bibliotekaren sin pult og seie til
elevane «ikkje les desse bøkene»? Vis meg den eleven som ikkje tar ei
slik utfordring!
27. oktober 2006